Hopp til hovedinnhold

Å vere ein moderne pappa: Mellom mannsideal og likestillingspolitikk

Bilde
Diverse datoer i en kalender
Foredrag | Panelsamtale | Online streaming

Å vere ein moderne pappa: Mellom mannsideal og likestillingspolitikk

Hvor: Langbryggen 13, Arendal
Arrangør: UiA - Senter for likestilling, Likestillingssenteret, Likestillingssenteret KUN, Likestillingssenteret på Vestlandet, Reform - Ressurssenter for menn og Kilden kjønnsforskning.no

Fleire likestillingstiltak, som pappapermisjon, styrkjer mennene sine moglegheiter til å delta aktivt i barna sine liv. Samstundes viser forsking at fedrar kan oppleve å ikkje bli anerkjende som likestilte foreldre på helsestasjonen, i barnehagen eller i familievernet.

10. august 2026, 18.00 – 18.45

Meld deg på

Dagens farsideal er å vere ein nærverande og sjølvsagd del av barna sine liv. Men dette idealet vert utfordra i samfunnsdebatten, og særleg på sosiale medium, der vi ser aukande kjønnspolarisering. Mange influensarar fremjar meir tradisjonelle kjønnsroller i familien basert på biologi, der kvinna skal vere familiens omsorgsperson og mannen skal vere familiens hovudforsørgjar.

Velkomen til debatt om farsrolla og nye maskulinitetar, der vi vil belyse spørsmål som:

  • Er norsk likestillingspolitikk god nok til å romme ulike måtar å vere mann på?
  • Kva kan farsrolla lære oss om framtidas omsorgsbehov?
  • Kva hindrar fedrar i å ta ei større omsorgsrolle i dag?

Program:

Velkomen ved ordstyrar Lee Michael Shults, UiA – Senter for likestilling.

Innleiing:

«Forventingar til fedrar og deira oppleving av møtet med helsestasjonen» ved Bente Kristin Høgmo, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Høgmo er førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet, Avdeling for folkehelse, der ho forskar på foreldre, fedrar og helsestasjonstenesta.

Panelsamtale:

Farsroller i endring: Treng vi ein oppdatert tilnærming til fedrar som omsorgspersonar?

Bente Kristin Høgmo, førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet, Avdeling for folkehelse (UiS)
Berit Eggebø Næss, seniorrådgjevar i Reform – ressurssenter for menn og leiar av prosjektet Ein likestilt helsestasjon
Kenneth Mørk, politikar i Kristiansand (Ap)
Ronald Mayora Synnes, professor ved Institutt for sosiologi og sosialt arbeid (UiA)

Arrangementet blir strøyma.